Velkommen til festival 20.Juni 2026

Om vår musikkfestival

514 Country er ein livleg og inkluderande musikkfestival som feirar countrymusikk, fellesskap og god stemning. Festivalen starta i 2025, med eit ønskje om å samle folk som likar country, dans og ekte festivalopplevingar. Etter suksessen i fjor prøver vi oss igjen i år og håpar festivalen kan bli ein fast årleg tradisjon for både lokale og tilreisande.

Kva går festivalen ut på?

Festivalen handlar om meir enn berre musikk – det er ei heil oppleving! Her kan du danse til fengande rytmar og delta i aktivitetar, nyte god mat og drikke i ekte country stil og vere ein del av eit sosialt og inkluderande miljø. Målet vårt er å skape ein stad der folk kan møtast, ha det kjekt og kjenne på den gode country kjensla.

Kvar held vi til?

514 Country Festival blir arrangert i Holmøyane, omgitt av vakker natur som gir den perfekte ramma for ein ekte country festival. Lokasjonen gjev både god plass til aktivitetar og ei unik atmosfære du ikkje finn andre stader.

🤎 Vi ønskjer alle velkomne – enten du er ein ekte countryfan eller berre nysgjerrig på noko nytt!

Musikkfest i Holmøyane

514 Country ønskjer å vise breidda i countrysjangeren, og det vert både bluegrass, countryrock, rockabilly og tradisjonell country på festivalen. Her er det artistar ifrå ulike delar av countrysjangeren for å skape ein unik musikkopplevelse for vårt publikum. Vår visjon er å feire mangfoldet i musikkverdenen og fremme nye og spennande talenter.