Praktisk Info

Full pakke
Konsertområdet ligg på idrettsplassen ved Vonlund grendahus dette er like ved Hornindalsvatnet med sin maksimale dybde på 514 m er den Europas djupaste innsjø og med dette vart navnet sjølvsagt 514Country. Festivalen opnar 14. juni kl. 14.00 Deretter går det slag i slag fram til siste artist går av scena 01.00. Undervegs vert det sal av mat og drikke, gode moglegheiter for ein svingom og generelt god stemning både foran og på scena. I tilfelle dårleg ver, er det lagt opp til scene i eit stort 24x12m telt, med tilhøyrande telt for bar og relax.

Tilkomst
Det er lagt opp til parkering ved saga til Holmøy utigard, frå der kan ein gå den nye gangvegen langs hornindalsvatnet til Vonlund grendahus og festivalområdet. Kanskje ein til og med kan få eit glimt av sjøormen Horny.

Det er no råd å kjøpe seg busstransport til og frå 514 Country på Hoopla.no

Transport til Festivalen:
Buss frå Olden 13:15. Rute: Olden-Loen-Stryn-Markane-Kjøs-Holmøyane

Transport frå festivalen:
Avgang 01:30 Ruter:

Vestgåande: Nes-Hjelle-Nordfjordeid-Haugen-Stårheim-Bryggja

Austgåande: Kjøs-Markane-Stryn-Loen-Olden

Det går i tillegg rutebuss til festivalen( Holmøyane grendahus) frå Måløy-Bryggja-Stårheim-Haugen-Nordfjordeid-Hjelle-Nes. sjå ENTUR.no