Artistar


Get Rhythm

Get Rhythm er eit av dei mest populære tribute-banda til Johnny Cash på norske countryfestivalar, og kjem til 514 Country som årets hovudattraksjon. Bandet er kjent for autentisk sound, sterk formidling og ein baryton-vokal som ligg tett opp til uttrykket til The Man in Black.

Med lang erfaring frå festivalar og scener over heile landet har Get Rhythm etablert seg som eit sikkert trekkplaster i countrymiljøet. Publikum får høyre både dei mest kjende Johnny Cash-klassikarane og djupare kutt frå katalogen, framført med respekt, energi og speleglede.

Arrangørane er svært nøgde med å få Get Rhythm til Holmøyane i år, og ser fram til ein konsert som blir eit naturleg høgdepunkt i årets festivalprogram.

Get Rhythm er eit av dei mest etterspurde Johnny Cash-tribute-banda på norske countryfestivalar. I år kjem dei til 514 Country som hovudattraksjon og publikum kan vente ein autentisk og stemningsfull konsert.


Gone Again

Gone Again – country frå Nordfjord!

Gone Again er eit energisk countryband frå Nordfjord, beståande av rutinerte musikarar med stor kjærleik til sjangeren. Med stødig komp, sterke vokalar og god speleglede leverer dei countrymusikk som både inviterer til dans og skaper god festivalstemning. Repertoaret spenner frå moderne country og klassiske favorittar til eigne låtar, framført med ein solid live-sound som passar perfekt både på festivalscena og på dansegolvet. På 514 Country Festival kjem Gone Again for å gi publikum ei skikkeleg dose vestnorsk country – med trøkk, varme og ekte speleglede. 


Folk Flest

Folk Flest er eit sju mann sterkt band leia av Einar Bolstad, kjent for konsertar som inviterer til både allsang, rockefot og stille augeblikk. Med røter i country og irskinspirert folkemusikk, skapar bandet eit energisk og samstundes nært uttrykk, der fleirstemt song står sentralt.

Musikken blir framført på instrument som høyrer heime i sjangeren: fele, banjo, mandolin, ståbass, steelgitar, gitarar og trommer – alt fletta saman i eit lydbilete som gir både driv og varme.

Bandet hadde sin konsertpremiere våren 2016, og har sidan spelt for fulle hus på kulturhus, festivalar og ulike arrangement rundt om på Vestlandet. Folk Flest har fått svært gode tilbakemeldingar frå mellom anna Trollrock, Bergtattfestivalen, Jordeplerock, Norsk Countrytreff, Førdehuset, Sogndal kulturhus og Trivselshagen på Sandane.

Publikum får høyre ei blanding av kjende og meir ukjende låtar frå ulike epokar innan country og irsk musikk, ispedd nokre norske perler. Repertoaret hentar inspirasjon frå artistar som The Dubliners, The Pogues, Steve Earle, Vince Gill, The Waterboys, Dolly Parton, Staut og Hellbillies, i tillegg til tradisjonelle irske låtar.


Misery and Company

Misery and Company er eit bluegrassband frå Nordfjordeid, godt kjent i regionen for fleirstemt song, tett samspel og eit uttrykk som spenner frå det nære og vare til det drivande og energiske. Med banjo, fele, gitar, mandolin og kontrabass leverer bandet konsertar prega av både speleglede og godt humør.

Bandet er festivalens husband og har vore ein sentral del av 514 Country sidan starten. I år er Misery and Company også aktuelle med ny plate, der dei byggjer vidare på sitt akustiske og melodisterke uttrykk innan bluegrass og americana.

Bandet består av Silvia Holmøy på vokal, Eivind Skjerdal på gitar, Atle Oen på gitar og banjo, Sigmund Larsen på fele og Eirik Haugland på kontrabass.